23. mai 2012
Artikkeldetaljer

Vårkonsert i Austre Åmøy kapell 3. mai

Kategorier: | Forfatter: Ola Ohm | Opprettet: 19.04.2011 | Visninger: 932
Velforeningen og kapellet arrangerer vårkonsert

Vidar Austvik, saman med Austre Åmøy kapell, har igjen gleda av å invitere til:

Vårkonsert i Austre Åmøy kapell.
I år blir konserten tysdag 3. mai kl 19.30.

Dette blir den 5. vårkonserten på rad, og i år har me eit riktig flott program å tilby.

Vidar har fått vener og kollegaer frå Stavanger symfoniorkester til å stilla opp, og me vil spele Metamorphoser av Benjamin Britten, Triosonate av Johan Quantz og Brandenburgkonsert nr. 5 av Johan Sebastian Bach.

Dei som deltar er:
Sayaka Takeuchi (Japan//Nederland), fiolin
Naho Nayuki, (Japan/USA) fiolin
Hedvig Utaaker, (Stavanger) fiolin
James Herstatt, (USA) bratsj
Magnhild Mo, (Stavanger) cello
Stacy Dixon, (New Zealand) obo
Ola Ohm, (Stavanger) cembalo
Vidar Austvik, (Austre Åmøy) fløyte
Lasse Børve (Austre Åmøy) syng i mannskor i Stavanger og saman med dirigenten Vidar Vikøren, vil dei avslutte konserten.

Det blir som vanleg allsang og etter konserten blir det
Kaker og kaffi i kjellaren.

Gratis entre!

Austre Åmøy Vel og kapellstyre

Bookmark and Share

Tilbake
 
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Powered by LabOra - Agrando AS