|
Gullkonfirmantfeiring på Austre Åmøy
For 50 år sidan blei det første konfirmantkullet konfirmert i kapellet på Austre Åmøy. Tidlegare måtte konfirmantane frå Austre Åmøy i båt til Hetland kyrkje på konfirmasjonsdagen, men presten spurde konfirmantane i 1961 om dei kunne tenke seg å ha dette lokalt i kapellet. Dei hadde heile året hatt undervisning for seg sjølv på prestekontoret, og fekk velge om dei ville konfirmere seg i Hetland eller på Austre Åmøy. Det ville dei, og sidan har dette blitt tradisjon.
Det første kullet talte 7 konfirmantar, og 4 av dei kunne komme på gudstenesta 28. august. Her blei dei presentert, og vi hadde ei hyggeleg samling i kjellaren etterpå med middag og drøs.
På bildet (frå venstre mot høgre): Inghild Meling, Lars Gunnar Meling, Solbjørg Meling Lindøe, Ola Ohm og Dagfrid Meling.
|